Den Equinor-driftede Statfjord C-plattformen i Statfjord-feltet i Nordsjøen. Foto: Marten van Dijl/Greenpeace

Greenpeace reagerer kraftig på at den norske regjeringa held fram med å setje klimaet i fare ved å dele ut 61 nye utvinningsløyve. – Nå torpederer dei si eiga klimasatsing, seier leiar Frode Pleym.

19. januar delte Olje- og energidepartementet ut nye oljeløyve gjennom TFO-ordninga.

– Det er berre litt over ei veke sidan regjeringa la fram ein klimaplan for å kutte utsleppa og nå måla i Parisavtala. Nå fortset dei å torpedere si eiga klimasatsing gjennom å la oljeselskapa få leite etter meir olje og gass. Det heng ikkje på greip, seier Frode Pleym, leiar i Greenpeace Noreg.

Fleire klimaforskarar publiserte nyleg ein forskningsartikkel som viser at tilstanden for klimaet og naturmangfaldet på jorda er mykje verre enn me tidlegare har trudd. Pleym meiner regjeringa må ta innover seg at varsellampene blinkar: 

– Store ord frå regjeringa om å sikre naturen vår må omsettast i handling. Olje- og energiminister Tina Bru øydelegg for regjeringa ved å tillate meir oljeleiting. 

Bekymra for korallrev

Regjeringa har med denne TFO-runden gitt utvinningsløyve svært nært området i Lofoten, som er politisk stengt for oljeboring. Pleym reagerer på at regjeringa omringer Lofoten:

– Naturen kjenner ikkje grensene til regjeringa. Dersom det skjer ei ulykke sør for Lofoten kan havstraumane frakte oljesøl nordover inn i områda som politikarane vil ta vare på. Her gir regjeringa klarsignal for oljeboring svært nær sårbar natur som Trænarevet, og det er skammeleg, seier Pleym.

Som følge av dette vedtaket er områda ved Eggakanten sør opna for oljeleiting. Miljødirektoratet har i sitt høringssvar trukke fram at her må ein vere varsam, mellom anna av omsyn til korallreva.

– Med dette vedtaket har regjeringa opna for framtidig oljeleiting ved Eggakanten. Dette er definert som sårbart og verdifullt, og har korallrev. Noreg må ta vare på sin internasjonalt verneverdige natur, ikkje utsette den for trugsmål som oljeboring, seier Pleym.

Ordninga bør avviklast

I sine høringssvar til oljetildelinga har både Havforskningsinstituttet og Norsk Polarinstitutt gjentatt kritikken sin av TFO-ordninga. Institutta meiner prosessen ivaretar miljøet på ein dårleg måte.

– Heile TFO-ordninga bør avviklast. Tanken bak den var å dele ut løyve til oljeleiting nær eksisterande infrastruktur og i kjente område. Dei siste åra har vi sett at ordninga blir grovt misbrukt og at det er oljeinteressene som rår. Sårbar natur blir kasta under bussen av olje- og energidepartementet, som gjennomfører tildelinga i ein svært lukka prosess utan å bry seg om miljøfaglege råd, seier Pleym.

For meir info eller kommentarar, kontakt

Frode Pleym, leiar i Greenpeace Norge, tlf. 97307378

Gaute Eiterjord, rådgivar i Greenpeace Norge, tlf. 46892288