Eit oljesøl i Arktis vil vere katastrofalt for fisk, sjøfugl, sel, kval og andre dyre- og planteartar.

I 2016 gjekk ei gruppe miljøorganisasjonar, aktivistar og borgarar som var bekymra for framtida inn for å saksøke den norske staten for grunnlovsbrot. I november er det duka for finalen i Høgsterett.

Klimasøksmålet handlar om at den norske staten bryt § 112 i den norske Grunnlova, som gir alle borgarar rett til eit sunt og helsesamt miljø ved å tillate oljeleiting i Arktis. Forskarane er tydelege på at det er planlagt langt meir olje- og gassutvinning enn det som går overeins med klimamåla. Dessutan er den sårbare naturen i Arktis under press, og eit oljesøl her vil vere katastrofalt for fisk, sjøfugl, sel, kval og andre dyre- og planteartar. 

Se den viktigste informasjonen og de seneste nyhetene om klimasøksmålet i Høyesterett på denne samlesiden.

Kva har skjedd i klimasøksmålet så langt?

Sidan søksmålet blei levert hausten 2016, har det vore gjennom to omgangar i retten, og staten har måtte svare på korleis styresmaktene kan sikre borgarane si rett til miljø når dei også legg opp til oljeboring i Arktis. Med klimaforskarar og økonomar som vitne har me levert ei solid mengde bevis på at det ikkje går an. Klimasøksmålet har gradvis vunne fram på viktige punkt som har styrka miljøretten i Noreg. 

Staten har for eksempel hardnakka påstått at Grunnlova ikkje gir kvar borgar i Noreg rett til miljø, og at det ikkje er grunnlag for noko søksmål. Det har både tingretten og lagmannsretten slått fast at det er. Ein viktig delsiger ifrå lagmannsretten er dessutan at dommen seier utslepp frå norsk olje og gass i utlandet også er relevant når ein skal vurdere om norsk oljeboring er klimafiendtleg. Desse utsleppa har me ikkje juridisk ansvar for i dag, sjølv om dei er ti gonger så store som alle andre utslepp i Noreg.

Samstundes som klimasøksmålet har gjort juridisk nybrottsarbeid – eit slikt søksmål har aldri skjedd før i Noreg –  har det også fått mykje oppmerksemd. Det har fått hundrevis av oppslag i norske og internasjonale aviser, og tusenvis av enkeltpersonar har gitt over to millionar kroner til støtte for søksmålet, som har skapt stort engasjement både i og utfor Noreg. 

LES OGSÅ: 7 ting du må vite om klimasøksmålet

LES OGSÅ: Følg klimasøksmålet direkte fra Høyesterett

Kva skjer med klimasøksmålet nå i haust?

Sjølv om klimasøksmålet har fått viktige gjennomslag for miljøets rettsvern, er staten dessverre blitt frikjent. Enn så lenge. 4. november startar siste runde i Høgsterett, der eit fullsett panel av 19 dommarar skal høre saka på nytt. At så mange dommarar er med og behandlar saker i Høgsterett er svært sjeldan. Høgsterett har også bestemt at søksmålet får fri sakførsel, noko som betyr at advokatutgiftene våre blir dekka av staten. Det er også uvanleg, og understreker at retten ser på dette som eit svært viktig prinsipielt spørsmål. (Kostnader for behandling av saka i tingretten og lagmannsretten blir ikkje dekt. Det blir heller ikkje kostnader til kommunikasjon og andre tiltak for å informere og skape engasjement rundt saka.)

Frå 4. til 12. november vil advokatane møtast i retten og legge fram bevis og argument i saka. På grunn av koronapandemien vil det føregå som eit digitalt møte, men det vil vere mogleg å følge med på rettsforhandlingane på nett. Det vil også vere ei rekke arrangement om søksmålet som du kan delta på fysisk eller på nett. 3. november er det planlagt lysmarkeringar over heile landet til støtte for Grunnlova.

Etter rettssaka er over vil det gå eit par månadar før dommen er klar. Dommen vil få stor betydning for klimakampen. Dersom Høgsterett landar på at staten bryt Grunnlova, er det historisk. Det vil vere første gong norske politikarar må seie nei til oljeboring av omsyn til klimaet, og vere historisk for både miljøkampen i Noreg og internasjonalt.

Kva kan du gjere for å vise di støtte til klimasøksmålet?

Din innsats er viktig for at me skal kunne gjennomføre dette søksmålet, og utan engasjement og økonomiske bidrag frå enkeltmenneske som deg ville ikkje dette vore mogleg. Me håper du vil støtte kampen vår for miljøet i retten. Det kan du gjere gjennom å: